God sommar

Det er sommar, det er sol, og for mange er det ferie. Vi i Mare Safety vil ynskje alle våre kunder og samarbeidspartnarar ein riktig god sommar.

Fyrste halvår har vore ein opptur for oss. Vi er stolte over å kunne levere eit betre resultat samanlikna med tidlegare år. Det har vore travelt, men veldig kjekt å sjå at pila peikar oppover igjen. Produksjonen har vore god, og i løpet av dette halvåret har vi levert 3 stk GTC 900-2 VD og 2 stk GTC 700 til USA, i tillegg til fleire småbåtar. Samtidig har vi også overlevert fleire byssepakkar til verft og innreiingsfirma. Vi vil takke for den tilliten vi har fått på desse prosjekta, og håper du som kunde er fornøgd med leveransen, og at kvalitet og service har stått til forventningane.

Vi i Mare Safety går ein spanande haust i møte. Det er fortsatt mange båter og bysser på ordreboka med leveranse utover hausten. I tillegg har vi ein Windmill båt med levering på nyåret, som vil kreve mykje av arbeidstida vår for å få den ferdigstilt i tide.

Ekstra kjekk blir hausten med nye medarbeidarar. Are Nørvåg Garshol tek over roret som dagleg leiar frå 1. august, og vil etterkvart få ein ny produktsjef for båt under seg. Saman med resten av vår dyktige stab ser vi hausten lyst i møte, og ser fram til vidare gode samarbeid med nye og eksisterande kundar og samarbeidspartnarar.

Etter ferien er vi også aktive på fleire messer. Kom gjerne å besøk oss på:
ONS i Stavanger frå 27. – 30. august: Hall 5, – stand 5220
SMM i Hamburg  fra 4. – 7. september: Hall B5,- stand 301

Du er alltid velkomen til å kontakte oss.

God sommar!


Summertime!

It’s summer, it’s sunny and for many it’s vacation time. Mare Safety wishes all our customers and partners a great summer!

The start of 2018 has been busy for us at Mare Safety and we are proud of improving results this first half year compared to previous years. Production rates have been good and so far, this year we have in addition to several smaller vessels, delivered 3 off GTC 900-2 VD and 2 off GTC 700 to United States of America. At the same time, we have delivered several galleys and galley equipment packages to different yards and interior suppliers. Service and quality is always main focus for Mare Safety, and we hope that you as clients have experienced this directly.

The second half of 2018 will be exciting in many ways. We will continue to deliver more vessels and galleys from our existing orderbook, while also working on new projects like the exciting new Windmill vessel up for delivery at the beginning of 2019.

We will also be joined by new employees this autumn. Are Nørvåg Garshol has been hired as new Managing Director from 1 August, and we are also hiring a new Product Manager Vessels to start in some weeks. Together with our great staff we are looking forward to receiving them and to start off a very exciting autumn together with our existing and new clients and partners.

In August we will kick off with several exhibitions. Please come and join us at:
ONS in Stavanger, Norway 27 – 30 August at Hall 5 – stand 5220
SMM in Hamburg, Germany 4 – 7 September at Hall B5 – stand 301

You are of course always welcome to contact us.

Have a great summer!

Related Posts