Første personalbåt overlevert

Mare Safety AS har levert sin aller første personalbåt til Marine Harvest Norway AS.

Fredag denne veka overleverte utstyrsleverandøren Mare Safety AS frå Ulsteinvik ein ny båt til Marine Harvest Norway. Båten er eit heilt nytt konsept frå Mare Safety, og leveransen skjedde i tråd med kontrakta som vart signert mellom partane juni i år.

Svært nøgde

Overleveringa fann stad i Vikane på Larsnes, eit steinkast frå Mare Safe Sea AS, der båten har blitt bygd og utrusta. Tilstades var produktsjef Geir Ove Molvær ved Mare Safety, dagleg leiar Trygve Gaustad ved Mare Safe Sea, driftssjef Knut Olav Skare og Bjørn Flatøy frå Marine Harvest Norway.

– Vi hadde ei formell overlevering av den nye båten der vi gjekk gjennom båten punkt for punkt. Attendemeldinga frå Marine Harvest Norway sine representantar er at dei er svært nøgde med denne personalbåten. Vi er svært glad for å kunne tilby ein så stor aktør eit redskap som gjer arbeidsdagen lettare og ikkje minst tryggare, fortel Geir Ove Molvær.

Trur på veksande interesse

Bruksområdet til båten er retta mot fiskeri- og oppdrettsnæringa og er truleg berre ein av mange som blir levert til denne næringa i framtida.

– Vi har hatt ein del merksemd rundt denne båttypen, og har stor tru på at den vil kome til nytte for fleire aktørar. Vi har utrusta den med den nyaste teknologien på marknaden, slik at den skal være så brukarvenleg som mogleg. Samstundes har den eit moderne design og bygd opp på ein base frå våre ordinære redningsbåtar. Så dette er ein båt som er konstruert for å takle dei mest krevjande forhold, avsluttar Molvær.

Viktig kontrakt

I ein offshoremarknad som er pressa på alle kantar, er Mare Safety glad for å no kunne levere sin første båt til oppdrettsnæringa. Dagleg leiar, Reidar Vågeskar i Mare Safety, kommenterte tilbake i juni i år at det er godt å ha etablert tillit i næringa.

– Som mangeårig leverandør av båtar til offshore, er vi svært takksame for ei kontrakt retta mot fiskeri- og oppdrettsnæringa. Dette viser at vi har eit produkt som fungerer godt, og som vekkjer interesse hos kundane. Vi gler oss til samarbeidet, sa Vågeskar då.

Båten som no er overlevert til Marine Harvest Norway er heiter MARE 900 Patrol, er 9 meter lang og 2,5 meter brei. Den har ei totalvekt med mannskap ombord på 4 tonn. Framdriftssystemet er ein Yanmar-motor på 370 hestekrefter i kombinasjon med ein Alamarin 340 vassjet.

Fra venstre driftssjef Knut Olav Skare og Bjørn Flatøy frå Marine Harvest Norway, dagleg leiar Trygve Gaustad ved Mare Safe Sea AS og produktsjef Geir Ove Molvær ved Mare Safety AS. Foto: Mare Safety AS

Related Posts