Opnar nye moglegheiter (NORWEGIAN)

Mare Safety sin nye leverandøravtale gir nye marine moglegheiter og fungerer som ein døropnar til den landlege marknaden.


Mare Safety AS frå Ulsteinvik er som kjent utstyrsleverandør av redningsbåtar, redningsmateriell og bysseutstyr til den maritime næringa verda over. No har dei sikra seg ein leverandøravtale på bysseutstyr frå Metos.

Reinare linjer

– Dette er heilt klart ein avtale som forbetrar Mare Safety sin posisjon som leverandør av komplette bysseløysingar til den maritime næringa. Avtalen, som vi no har inngått med Metos, gir kundane våre større fordeler som reinare linjer, konkurransedyktige prisar og rask leveringstid på både løysing og reservedelar, fortel produktsjef for bysser, Alexander Elvanes i Mare Safety.

Utstyrsleverandøren har i ei årrekkje levert bysseutstyr frå fleire kvalitetsleverandørar. Den nye avtalen gjer leveransane totalt sett enklare, noko produktsjefen håpar vil fungere som ein døropnar også til den landlege marknaden. Dei er alleire godt i gang.

Leverte storkjøkken

Restauranten Folk Spiseri i Ulsteinvik etblerte seg nyleg i nytt lokale og har fått installert ei komplett storkjøkkenløysing frå Mare Safety under fanen til Metos. Thor Erik Andersen, som er kokk ved restauranten, har vore med heilt frå starten med planlegging og design, slik at kjøkkenet fungerer så optimalt som mogleg.

– I mine yngre dagar jobba eg på nokre franske kjøkken. Det nye kjøkkenet til Folk Spiseri ber preg av dette, då eg har teke med meg ein del funksjonar som du finn der nede, blant anna «postar» for tilberedning og servering når vi er fleire kokkar i arbeid.

Andersen påpeiker at dei er opptekne av bruken av lokale ressursar, og at det ikkje tok lang tid før dei bestemte seg for Mare Safety som leverandør.

– Vi bestemte oss for å velje Mare Safety etter det første møtet. Trass i at vi hadde kort frist til åpning av restauranten i nytt lokale, leverte og installerte dei kjøkkenet på berre fire månader. Det flaut veldig bra og andre lokale ressursar som elektrikar og røyrleggjar jobba svært godt under monteringsjobben. Eg er veldig nøgd med kjøkkenet og syns godt om kvaliteten, slår Andersen fast.

Ser positivt på framtida

Sjølv om tidene ikkje har vore av det heldige slaget for verksemder i den maritime næringa, ser produksjefen positivt inn i framtida.

– Vi har hatt ein jamn pågang med ordrer frå ulike hald, noko som har resultert i at vi har hatt prosjekt å jobbe med. Med Metos si merkevare i ryggen, har vi no eit enda bedre produktsortiment å tilby våre kundar både på havet og på land. Prosjekt som kjem inn til Metos blir vidaresendt til oss, og våre prosjekt direkte ut i marknaden blir levert med forslag om Metos-produkt i første rekkje. Eg er veldig positiv til avtalen og den vidare satsinga til Mare Safety, avsluttar Elvanes.

Related Posts