Ny dagleg leiar

Mare Safety AS har tilsett Are Nørvåg Garshol (39) som ny adm. direktør frå 1. august 2018. Garshol kjem frå stillinga som adm. direktør i selskapet Olav E. Fiskerstrand AS.

Garshol har tidlegare hatt leiande stillingar innanfor den maritime bransjen, og ser difor fram til saman med resten av organisasjonen, å styrke Mare Safety AS sin posisjon som ein attraktiv leverandør for sine produkt og tenester i den lokale og internasjonale markanden.

Reidar Vågeskar, som har vore leiar for selskapet i fleire år, held fram i selskapet med ansvar for sal, samt utvikling og oppfølgjing av Mare Safety AS sine storkundar.

Selskapet opplever ei betring i marknaden og ordreinngangen har difor vore svert positiv for alle av selskapet sine produktområder i 2018. Satsing på nye marknader har også gjeve gode resultat og bidreg til auka aktivitet.

Related Posts