Mare Safety seglar i medvind. Det er god stemning blant dei tilsette på kontoret ved Stålhaugen i Ulsteinvik, etter å ha sett klare forbetringar i marknaden gjennom 2018. Dei ser positivt på det komande året, og kan stolt presentere fleire nye signerte kontraktar, både innan båt og bysse. Ny kontrakt med Ulstein Verft Nyleg signerte Mare Safety kontrakt med Ulstein Verft på ein båt av typen Mare DC12 Windmill. Dette er ein båt med tilhøyrande davit, spesiallaga for personelltransport frå servicefartøy til vindmøller. Båten skal installerast om bord i Bernhard Schulte sitt nybygg, som skal stå ferdig for kunden tidleg i 2020. Mare Safety er ein trufast leverandør, og har tidlegare levert både redningsbåt og bysse-pakke til dei andre fartøya som Bernhard Schulte har bygd på Ulstein Verft. «Offshore Wind er ein marknad i vekst, og med denne samt tidlegare kontraktar innan dette segmentet stadfester vi dette som eit viktig satsingsområde framover for Mare Safety», – seier Torstein Teigene, produktsjef for båt. Han starta i Mare Safety tidlegare i haust, og ser tydeleg at det blir behov for fleire båtar innan segmentet. Teigene nemner at dei også har ein tilsvarande type båt under bygging som snart skal leverast til det Read more…

Det er sommar, det er sol, og for mange er det ferie. Vi i Mare Safety vil ynskje alle våre kunder og samarbeidspartnarar ein riktig god sommar. Fyrste halvår har vore ein opptur for oss. Vi er stolte over å kunne levere eit betre resultat samanlikna med tidlegare år. Det har vore travelt, men veldig kjekt å sjå at pila peikar oppover igjen. Produksjonen har vore god, og i løpet av dette halvåret har vi levert 3 stk GTC 900-2 VD og 2 stk GTC 700 til USA, i tillegg til fleire småbåtar. Samtidig har vi også overlevert fleire byssepakkar til verft og innreiingsfirma. Vi vil takke for den tilliten vi har fått på desse prosjekta, og håper du som kunde er fornøgd med leveransen, og at kvalitet og service har stått til forventningane. Vi i Mare Safety går ein spanande haust i møte. Det er fortsatt mange båter og bysser på ordreboka med leveranse utover hausten. I tillegg har vi ein Windmill båt med levering på nyåret, som vil kreve mykje av arbeidstida vår for å få den ferdigstilt i tide. Ekstra kjekk blir hausten med nye medarbeidarar. Are Nørvåg Garshol tek over roret som dagleg leiar frå 1. august, Read more…