Det er sommar, det er sol, og for mange er det ferie. Vi i Mare Safety vil ynskje alle våre kunder og samarbeidspartnarar ein riktig god sommar. Fyrste halvår har vore ein opptur for oss. Vi er stolte over å kunne levere eit betre resultat samanlikna med tidlegare år. Det har vore travelt, men veldig kjekt å sjå at pila peikar oppover igjen. Produksjonen har vore god, og i løpet av dette halvåret har vi levert 3 stk GTC 900-2 VD og 2 stk GTC 700 til USA, i tillegg til fleire småbåtar. Samtidig har vi også overlevert fleire byssepakkar til verft og innreiingsfirma. Vi vil takke for den tilliten vi har fått på desse prosjekta, og håper du som kunde er fornøgd med leveransen, og at kvalitet og service har stått til forventningane. Vi i Mare Safety går ein spanande haust i møte. Det er fortsatt mange båter og bysser på ordreboka med leveranse utover hausten. I tillegg har vi ein Windmill båt med levering på nyåret, som vil kreve mykje av arbeidstida vår for å få den ferdigstilt i tide. Ekstra kjekk blir hausten med nye medarbeidarar. Are Nørvåg Garshol tek over roret som dagleg leiar frå 1. august, Read more…